Tilbake til røter
Foto: Yvonne Wilhelmsen, Tekst: Saga Sund, Interiørarkitekt: Solveig Marie Loftsgarden
Etter mange år i hovudstaden tok Kyrre Einar Hegg valet om å byte ut trikkesus med elvebrus.
Tømmerhuset som skulle bli hans nye heim hadde behov for ei totalrenovering. Huset var opphaveleg bygd som sylvsmie på 70-talet, og har etter det vorte omtala som “Smia”. Foreldra til Kyrre kjøpte huset, og har sidan drive fysioterapi- og tannklinikk her. Då dei vart pensjonistar, fekk han høve til å kjøpe delar av huset og bygge det om til bustad.
Han tok kontakt med interiørarkitekt Solveig Marie Loftsgarden, og ynskte møbelsnikkar Edvin Loftsgarden med på laget.